Fantastisk litteratur er noko av den beste litteraturen som finst! Eg ELSKAR korleis ein kan flyte avgårde i ei heilt anna verd, og få eit avbrekk frå si eigen kvardag. Eg plar alltid seie at "det er noko med det å kome seg vekk når ein skal på ferie. Elles ser ein berre alt som må gjerast." Eg tenkjer det er sånn med bøker også. Altså, ei god bok er jo alltid ein pause i kvardagen, men det er noko heilt spesielt når ein rett og slett forflyttar seg til ei anna verd i eit par timar. Og då spesielt til ein verd kor overnaturlege ting skjer eller finnast. I vår tid kor, alt ein kan sjå på tv, høyrer på radioen eller les i avisa er den eine tragedia etter den andre, er det godt å kome seg vekk.
Eit døme på fantastisk litteratur er Landet under isen av Lars Mæhle, som kom ut i 2009. På bokkilden.no får denne smakebiten av boka:
Storslagen fantasy-roman med gode krimelement. Fire sakna ungdommar. Tre stammar. Eit bortgøymt land under isen. Sju protokollar. Éin utvald. Éin forrædar. Den siste striden er her. No. Midt iblant oss. Leo Rubin er mot sin vilje utvald til å kjempe mot den vonde munken, og på vegen opplever han krig mellom stammane og sterke krefter han må stå imot.
Berre her kan ein sjå tydeleg det fantastiske, eller det overnaturlege, som finst i romanen. Eit land under ei isbre, ein vond munk og sterke krefter. Heile boka handlar om Leo Rubin. Han er den utvalde til å frigjere folket i landet under isen frå den svarte munken. Gjennom oppdraget finn han dei 7 gjemte protokollane som skal felle den svarte munken. Parallellt med historia om Leo Rubin, følger vi Magne Jerstad. Han er politietterforskar, og skal spore opp dei forsvunne ungdommane, og dette utgjer krimelementet i romanen.
Det eg synst var mest interessant med denne romanen, var allusjonane til Bibelen. Eg les ein del i den, og synst den er kjempespennande.
Det mest innlysande er "stamfaren". I Landet under isen er Abrahamsen den første busetjaren i dalen. I Bibelen er Abraham stamfaren til Isralittene, eller Guds utvalde folk (1 Mosebok 15:4-6)
Leo måtte leite etter sju protokollar. Leo kunne ikkje fullføre oppdraget sitt før han hadde funne alle protokollane, fordi gjennom dei skulle sanninga bli lyst opp. I Bibelen er talet sju eit bilete på fullkommenskap. Dette kan ein sjå mange stader i Bibelen. Til døme skapelsen, som Gud gjorde på sju dagar (1 Mosebok 2:2), eller Josva som marsjerte rundt byveggane til Jeriko sju ganger før dei kollapsa (Josva 6:1-5). I Bibelen har Gud oppretta sju paktar med Isralittene. Den sjuende pakta er den Jesus oppretter med folket, og Jesus seie til og med på korset at "det er fullført" (Johannes 19:30).
Likeså finn ein ein utvald til å setje folket fri både i Landet under isen og i Bibelen. I romanen var Leo Rubin den utvalde, mens Jesus er den utvalde i Bibelen (Johannes 14:6)
Personleg likte eg ikkje Landet under isen. Eg synst plottet var bra, men eg likte ikkje måten konfliktane blei behandla. Eg synst det gjekk altfor lett å finne fram til protokollane, det var ikkje noko driv over det. Eg synst heller ikkje det var noko driv over resten av romanen heller, for den hoppa så mykje inni kapitla at eg ikkje klarte å henge med.
Men de er nok mange der ute som godt kunne like denne boka, den er jo fullspekka med herlege fantastiske innslag, med både krim, vold og krig. Kanskje ein del gutar kunne like denne boka, selv om han er tjukk?

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar