torsdag 24. november 2011

Retorikkens to av fem faser

1. Inventio (å finne)
Aristoteles
Begrunne kvifor nynorsk burde ut av skola som eit eige kriterie.
 - bokmål, nynorsk og samisk? LK06 formål
 - eksamen i nynorsk?
 - formelt brev - svare på samme målform. jobbsøknad - vil ikkje ha.

2. Disposito (å disponere)
Exordium (innleiing)
Eg har aldri likt nynorsk. Gjennom heile mi skulegang har nynorskopplæringa vore ei kjelde til frustrasjon. Eg synast det var vankeleg å hugsa alle regla, kor mange -ararane som sku vera i endinga på eit hankjønnsord eller alle dei rare orda som ikkje hang på greip. Eg meine: hugleik??

Ikkje nok med at dette var frustrerande, men jommen skulle vi ikkje sitte ein heil dag og skrive ei heil historie på nynorsk, to ganger i året. Og jammen lå ikkje nynorskeksamen å trua med knurrande tenner og skarpe klør, rett foran døra til fridom i 10. klasse og i tredje klasse på vidaregåande.

Eg synst nynorsk burde ut av skola som eit eige emne i skola.

Narratio (fortelle)
Først vil eg vise deg kva Læreplanverket for kunnskapsløftet 2006 seie om norskfagets hovudformål før eg seie noko om kvifor eg synst dei er sjølvmotseiande. Heilt til slutt, i konklusjonen, vil eg klargjere mine meiningar om plassen til nynorsken i skulen.

Argumentatio (argument)
"I Norge er både bokmål, nynorsk og samisk offisielle skriftspråk, og det tales mange ulike dialekter og sosiolekter, men også andre språk enn norsk." (LK06)


Ok, allereie her skurrar det for meg. Her står det at båe bokmål, nynorsk og samisk er offisielle skriftspråk i Noreg. Kvifor lærer vi ikkje samisk også? Eller kvifor går vi ikkje djupare inn i dialekter? Eg skal ærleg seie at dei aller fleste dialektane i Noreg er heilt umogeleg å forstå for meg. Eit døme på uforståelege dialektar er "koddadn", eit ord dei bruke i Sogn og Fjordane. Du veit kanskje ikkje kva det tyder? Nettopp. "Koddadn" tyder pute. Ortografisk attgjeving av dette ordet er "kådadn". Er du som meg, kjenner du kanskje meir svensk enn nynorsk (takk til svensk TV2 med den store, brune bjørnen), og veit at "pute" på svensk heter "kudde". Eg kan i alle fall sjå ein slåande likskap her. Kanskje vi skulle like gjerne lære svensk på skolen også? 


Etter seks år med nynorsk i skulen, kan eg båe lese og skrive nynorsk, men eg kan ikkje for ein femmar tyde kva dei fleste i Noreg seie. Norskopplæringa i LK06 har som hovudformål å gje språkleg sjølvtillit og tryggleik i eigen kultur. Etter tretten år i skulen, kan eg båe lese og skrive nynorsk, men eg kan ikkje for ein femmar tyde kva dei fleste i Noreg seie. Med andre ord, om eg reiser rundt i Noreg vil eg ikkje ha noko språkleg sjølvtillit, og eg vil i hvertfall ikkje føle tryggleik i eigen kultur. For alt eg veit kan eg bli kidnappa og drepe, fordi eg trudde dei koselege dialektmenneska inviterte meg på kaffi og vaflar... 


Kvifor lærte vi ikkje meir om dialektar på skulen slik at eg kan føle meg trygg når eg går i den norske fjellheimen? Om eg møter nokon i fjellet kan eg kkje anna enn å løpe andre vegen, i frykt for at dei skal seie noko til meg eg ikkje forstår, eller at eg, i min uvite, seier ja til noko eg absolutt ikkje vil vere med på,  til døme å gje bort all maten eg har i sekken. 


Eg trur denne kunnskapen har kommet i skuggen av nynorskeksamen med knurrande tenner og skarpe klør, som ventar i døra til fridom. Under vurdering i norskfaget i LK06 står det at elevane skal ha ein eigen standpunktkarakter i nynorsk skriftleg og ein skriftleg nynorskeksamen. Da er det jo klart at vi må lære å skrive nynorsk! Tenkje seg til om skulen lå heilt nederst på lista etter dei landsdekkande prøvene om elevars måloppnåelse i nynorsk! Eg spurde læraren min kvifor eg måtte lære nynorsk. Han sa at om eg fekk eit formelt brev skreve på nynorsk, skulle eg svare på nynorsk. Om eg skulle sende inn ei jobbsøknad på ei stilling som var utlyst på nynorsk, måtte søknaden vere på nynorsk. Han tenkte nok at dette skulle vere med å bidra til språkleg sjølvtillit og tryggleik i eigen kultur. Eg tenker motsatt. Om den nynorskskrivande arbeidsgjevaren ikkje så mykje vil sjå på min søknad, fordi den er skreve på bokmål, da er det han som går glipp av ein utruleg ressurs i sin bedrift. Det er det eg kalle språkleg sjølvtillit og tryggleik i eigen kultur. 


Peroratio (konklusjon)
Eg har vist deg fra LK06 hva hovudformålet med norskopplæringa er, at den ikkje passar heilt inn med utsagnet "språkleg sjølvtillit og tryggleik i eigen kultur", og at det ikkje passar heilt inn fordi nynorskeksamen- og karakterar kjem føre alt dette. 


Bare for ordens skuld: eg vil ikkje ha nynorsk ut av verda eller ut av skola. Nynorsk er eit offisielt skriftspråk i Noreg, og det er mykje god litteratur der ute på nynorsk. Eg har faktisk veldig sansen for Bibelen på nynorsk. Det blir liksom noko høgtideleg over det heile. Eg synst heller ikkje at elevane ikkje skal lære seg  alle regla, kor mange -ararane som sku vera i endinga på eit hankjønnsord eller alle dei rare orda som ikkje heng på greip. Nynorsk er ein del av den norske kulturskatten, og det ville vore ei skam om elevane ikkje fekk gleda av desse skattane, eller sære ord som rævkvilevippe (læraren min sa dette er det nynorske ordet for gyngestol. Eg vel å ta han på ordet.).

Men det eg vil ha ut av skola, er denne knurrende, truende nynorskeksamen og karakterane som skal gjes for lang og trofast innsats i verda til nynorsken. Eg meine den tar bort altfor mykje verdefull tid til mykje anna viktig innafor norskfaget. Som for eksempel dialektforståing. ...eller svensk...




Kjelder:
(LK06): http://www.udir.no/Lareplaner/Grep/Modul/?gmid=0&gmi=156255&v=2, hentet 23.11.11
snl.no: http://snl.no/arbeidsfase/retorikk, hentet 23.11.11
Bilde: http://ivanpino.com/aristoteles-maestro-de-redaccion-web-para-comunicadores/, hentet 23.11.11

1 kommentar:

  1. Så super bra skrevet! Jeg merket jeg lo mange ganger under opplesningen av teksten din. Dette er en sjanger du bør fortsette med! :D
    Ønsker meg flere slike tekster å lese. Hvordan hadede det vært med et ukentlig innslag ? :D Hehe

    SvarSlett